mandag 7. april 2014

Walid Al-Kubasi: Støy øydelegg sjela

Utdrag frå kommentar av Walid Al-Kubasi i Dag og Tid (veke 15):
Eg hadde ei veninne som budde i eit husvære bak fengslet på Grønland i Oslo. Eg hugsar framleis då eg ringde henne, og ho sa: "Eg må leggja på, Walid. Om fem minutt slår fengslet på vifta. Eg må rømma frå heimen min. Vi talast klokka fire når dei slær av vifta."

Ho hadde heimekontor, og dette skadde henne psykisk og i tillegg økonomisk sidan ho ikkje greidde å jobba så mykje som ho skulle. Støy forvandla henne til ein flyktning i eige hus. Ho måtte selja husværet og flytta. Eg såg korleis ho freista å kjempa mot ulyden.

Då eg budde på Tøyen, og dyre bilar køyrde framom med høg musikk og nedrulla vindaugo,
Foto: Eva Rinaldi
hoppa eg i sofaen medan eg sat og jobba og var i mi eiga verd.

Eg spurde dei norske venene mine om det fanst ein organisasjon ein kunne klaga til. Ingen hadde noko svar. Men så fekk eg eit tips om Norsk forening mot støy. Eg vart overraska, for foreininga hadde eksistert i meir enn eit halvt hundreår, men ingen visste om henne.

Støyfri dag vert i år arrangert onsdag 30. april. Som styremedlem vart eg beden om å finna ein poet som skreiv om støy. Eg gjekk på biblioteket og bladde gjennom 62 diktsamlingar utgjevne i perioden til 80-åra til i dag. Eg har berre funne eitt dikt, av Jan Erik Vold: "Ingeniørens hyl".

Det er merkeleg at ikkje fleire har skrive om all ulyden vi må leva med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.